Ei urban myte...
Eg og Greg fann 900 kroner i vegen utanfor huset vårt. Først fann vi ein 200-lapp og sidan resten (2 200-lappar og 3 100-lappar). Etter den første 200-lappen tenkte eg å behalde den, men då eg oppdaga at det var snakk om såpass mykje pengar kverna den gyldne regelen i hovudet mitt. Smart som eg er la eg ein lapp der det stod "Har du mista noko her ca kl 20? Ring 97513602".I eit par timar var vi glade vi ikkje hadde høyrt noko, men til slutt ringte eit ukjent nummer. I andre enden høyrte eg ein gut som var noko oppskaka. Eg spurte kva han hadde mista og han svarte "pengar! masse pengar!" "Kor mykje var det snakk om?" spurde eg så, og sidan han visste det korrekte beløpet rekna eg med han var den rettmessige eigaren. 5 minutt seinare traff vi han og han var altså ein 20 år gammal skater som var VELDIG glad for å få tilbake pengane sine.
Vi hadde riktignok håpa å få ei aldri så lita finnarløn, men det får heller vere. Det gode samvitet er jo også betaling. Dessutan håpar eg Gud fekk dette med seg og at vi får klekkeleg løn i Himmelen!

2 Comments:
Føy... du er snill! Eg er redd eg berre hadde sprunge heim i lykkerus...
Eg fann ein femhundrelapp ein gong eg hadde dårleg råd - og eg brukte den på øl, røyk og mat. Eg har framleis dårleg samvit.
Legg inn en kommentar
<< Home