mandag, februar 26, 2007

lokalpatriot? eg?

Det som skal til for å vere framsidestoff i Firda har tidlegare vore diskutert på Kreksebloggen. Den siste tida har eg lagt merke til ein annan metode som Frk. Fjas kan nytte for å komme på framsida av den største lokalavisa i landet.

Det vise seg at dersom ein er utflytt (helst til oslo) og dermed er urbanisert, kan ein fritt slenge om seg utsagn om kvifor ingen vil flytte tilbake til trivselsfylket. Vi hugsar alle kulturentrepenøren (frk fjas og eg kom fram til at for å fortene denne tittelen må ein ta VK1 og VK2 kulturentrepenør) sine utsagn om køntrifestivalen og no er altså også Anne flau over bunads-fylket.

Eg såg dette bunads-innslaget på TV og må seie at eg vart ganske stolt av å vere frå Sogn og Fjordane. Det eg syns var flauast var dei utflyttingstrua fylka som liksom skulle vere kjempeurbane (som om det er noko å trakte etter). Litt sånn "ja, vi har bunadar, men vi har også breakdance og ræpp". Dersom ein ikkje er klar over at Sogn og Fjordane er meir enn bunadar så kan ein berre halde seg i Oslo, slurpe kaffe latte (eller er det blitt klisjè? Eg veit ikkje...eg er Førdianar) og leve i trua på at Oslo er verdens navle.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Eg er hjartans einig! Uansett synst eg "marknadsføring" av fylke(t) er noko tull, og til å bli flau av, same kva. Vi har jo allereie Sogn og Fjordane-songen, og kva betre kan vi eigentleg håpe på?

M

2:11 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Greit nok at ein skjems over rømmegrautkvad og bunadstrivsel, og aldri kan tenke seg å flytte attende, men er det verkeleg naudsynt å sjå så inni mylseheimen sur ut av den grunn?

4:01 p.m.  
Anonymous Anonym said...

det er ingenting ä skjems öve!römmegraut er godt om du berre et det kvart tredje är, og bunad er eit feiandes flott plagg om du ikkje mä dra rundt pä den i meir enn ein times tid.
det er forresten ingenting gale med ä bu i triveselsfylket heller....

5:06 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Kjære anonymous!
Eg vil ikkje ha det på kappa at eg skjems over det trivselfylket har å by på! På ingen måte, faktisk. Bytt ut _ein_ med Anne Viken, så håper eg innlegget mitt gjev meir meining.

1:54 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Vene Frk. Hekkan! Eg har då aldri trudd og slett ikkje hevda at du skulle ha noko så fælslegt på kappa di! Det var nok berre at eg ikkje har fått meg ein slik googlekonto, og så var det kanskje det kontinentale tastaturet og tilhøyrande befolkningstettleik som tok vekk heile snerten og ikkje minst poenget i innlegget.
Mvh.
Frk. Fjas

9:16 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home