Denne vekas Dum, Teit
I foredragsbransjen finn ein så ymse. Alt frå falne idrettsheltar til høgst aktive pornostjerner og høgrepolitikarar. Det dei har til felles er at dei tilsynelatande har kunnskap, klokskap og/eller livsvisdom å tilby andre for ein god slump pengar.
Eg har lenge ergra meg over denne bransjen, og forherligelsen av den i alt frå Skavlan til forelesningar på høgskulen. Som den skeptiske sunnfjordingen eg er, rynkar eg lett på nasen ved lukta av kvardagsfilosofi og coaching, ikkje minst når settingen er konferansesalar der det blir servert pent oppskjært frukt på fat, og næringslivsfolk i drakter og dressar snakkar klokt og lågmælt i små klynger. Samla i ånd av opplysning og nye tankar nikkar dei gjenkjennande kvar gong foredragshaldaren seier noko dei sjølve har tenkt. Og etterpå er det applaus. Gjerne ståande.
At du ein gong var flink å gå på ski, betyr ikkje nødvendigvis er full av visdom om livets store spørsmål. Snarare tvert imot. Kan ikkje desse folka berre bli gymlærarar?

2 Comments:
Det er også kjekt med dei "Grynderane" som seier "ikkje for å skryte" fem gongar i løpet av 30 minutt og forsatt trur at dei ikkje skryter.
Det verste eg har vore med på av denne forma for lavpanna kvasitankefeltforedrag vart haldt av ein av 80-talets tidlegare Most Wanted torpeoar.
Han meinte nok at berre å la oss få puste i same lufta som han måtte vere til stor opplysing for oss, og talde etter stream of conciousness-prinsippet.
Eg prøvde flittig å notere, men måtte gi opp og gå min veg då eg etter tre kvarter hadde fått følgande på blokka:
"Snuten vet mer enn dere tror."
Og:
"Disse kosovoalbanerne asså, de driver mye med kriminalitet. Hold øya oppe for dem".
Legg inn en kommentar
<< Home