hAllerLujah
Når tonane frå Idolsmørklysene Utd si valdtekt av Leonard Cohens "Hallelujah" endeleg hadde forlatt både indre øyre, stigbøyle, ambolt og audio-minne, kva kjem då og øydelegger sjelefreda?
Grøss. Jo.
Ein ny, horribel cover som spelast av via jobbens intranett, der eit kvinnemenneske med småsur, innsmigrande røyst og kassegitar lirer av seg si eiga, private hymne. Til vekebladet Allers.
I staden for Hallelujah - kva kjem? Riktig. Allers. Åååh Allers.
I kid you not.
(Og eg skulle gjerne ha lagt den ut her, men sidan eg er ei litt for lojal arbeiderske, lar eg diskresjonen stoppe meg. Dessutan er eg redd. Kan dei lage ein slik song, veit du aldri kva dei vil finne på neste gong.)

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home