Lite nytt?
Nokre er berre så ivrige etter å komme i Firda at dei tipsar om dei merkelegaste ting. I sommar erklærte Frk.Fjas at hennar mål for hausten var å komme i Firda. Det burde tydelegvis ikkje vere så vanskeleg.Døme
- vår digitale megafon
4 Comments:
Eg likar oppskrifta på denne typen reportasjar.
1. uskuldeg person anar fred og ingen fare ("Eg gjekk tilfeldig forbi butikken i Elvegården i Førde")
2. ei hyggeleg hending skjer med personen ("og fann ei fin t-skjorte til berre 49 kroner.)
3. hendinga viser seg å ha ei ukjend, utriveleg side ("Då ho kom heim og såg merkelappen vart ho sjokkert")
Den er ein klassikar, og kan brukast om stumme tiggarar som kan snakke, kvepsar i syltetøy og ofte andre ting som snik seg nedi mat som ikkje skulle vert der.
Eg kan også anbefale eit anna godt narrativ, om enn med ein litt trasig slutt for hovudpersonen: smart mus i skjolden
Forresten! Eg gløymte at bud nummer ein er å setje opp det mest misfornøgde trynet ein har når journalisten skal ta bilde. Det er eit must.
Men kjære Fjas! Du har jo gått vagge-Lasse ein høg, eh gang, i heile haust med di trasking Naustdal rundt, så det er berre eit spørsmål om tid før nokon tipsar Firda.
(Kven er ho? Kvar kjem ho frå? Kvar er ho eigentleg på veg? Og kvifor er ho ute og GÅR?)
Såg forresten på baksida av Firda i dag at denne dama altså har blitt belønna for tipset om merkelappen! Dette må jo vere særs letttente pengar for fattige studentar? Kva ville DU ha tipsa Firda om?
Legg inn en kommentar
<< Home