mandag, november 06, 2006

A trip down memory lane...

Kvifor får denne mannen bruke mikrofonen?
(Dersom linken ikkje virke kan de høgreklikke på den og lagre den og spele den av som ei vanleg mp3 fil)

10 Comments:

Anonymous Anonym said...

Besta ville sagt: Ditta var ein kjekke sjåfør! Ja du ana ikkje du! Ja eg seie da no eg, da e sant da: han VA ein kjekke sjåfør. (Ho hadde gitt han hundre kroner i driks)

10:44 p.m.  
Blogger foglen said...

Kaptein Førdedal på ekspressbåten Solundir er også ein klassikar kva mikrofonsnakking på offentleg transport angår.

Då toppane i fylkets kunstadministrasjon var ute på forretningsreise til Bergen saman med kinesiske delegatar, sa han: "Welcome to Bergen, the most beautyful city in the world. But it's so fucking expensive..."

I sommar, då eg ankom Strandkaiterminalen, nøyde han seg med "Eg håpar de har hatt ein fin tur, trass i det vanlege vestlandske dritveiret."

Forøvrig er det same kaptein som ei sein og svart vinternatt på veg forbi forlatte Tangeneset i Ytre Solund, opna døra og ulte ut "E det nåken kvinnfolk her".

10:53 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Hurra! Dette har eg håpt å få bevis av heilt sidan eg (og blant anna Frk. Pudding?)tok nattbussen til eit OD-seminar i Trondheim i 1999. Faktisk i forrige årtusen. Skuffelsen er at han ikkje har forandra på stand-up-showet sitt noko nevneverdig sidan det, men på den andre sida, kvifor endre på noko som funkar?

9:53 a.m.  
Blogger Frk. Pudding said...

Joda, eg var på bussen og eg hugsar vi fekk oss ein god latter, ikkje berre TIL Trondheim, men også HEIM til Førde. Eg trur bror min og andre Trondheimsbuarar er glade i denne busssjåføren...Det er jammen skilnad på busssjåførar altså (jmf sist vekes dum teit)
Hugsar forresten at det nettopp var innført påbod om setebelte nyleg og at han tok seg god tid om å orientere om dette (samt den dårlege tyske patenten).

12:57 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg sette òg veldig pris på å høyre den karen att, og eg har faktisk møtt andre som har hatt samme oppleving på bussen til Trondheim.

Setebelte-utgreiinga hugsar eg godt, hadde han ikkje til og med ei historie til skrekk og advarsel om ei dame som hadde gått gjennom frontruta? Eg synes òg å hugse at han kjende oss att då vi skulle ta bussen tilbake til Førde, eller er dette berre i mitt hovud, tru?

3:57 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Det stemmer! men dama flaug ikkje gjennom fronruta, ho hamna i fanget hans (vertfall i følge han sjølv), og "det er jo ikkje godt for noko, kven veit kva folk ville trudd og rykta kunne gå" eller noko sånt...

Jaudå, dette er nok ein kar som kjenner igjen kvar einaste sømnige pasasjer han har vekka opp på dovre, stryn, alpakka.

8:03 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

For ei eldsjel! For ein service! For ein mann!

2:41 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Haha, foelte berre for aa nemne at eg ogsaa var paa den bussen til Trondheim. Kjekt aa lese om denne turen, for i grunnen var det lenge sidan eg hadde tenkt paa den.

3:38 p.m.  
Blogger Frk. Pudding said...

Mamma er redd bussjåføren skal finne dette og saksøke meg for å legge det ut..

3:52 p.m.  
Blogger Frk. Spik said...

Saksøke? pyttpytt, kven saksøker vel for reklame. Eg ser for meg at bussen hans neste år er klistra opp med klebemerker: "For ei eldsjel! For ein service! For ein mann!" - Kreksene anbefaler Firda Billag på veg til Trondheim!

6:40 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home