torsdag, november 30, 2006

Flotte blomar!

Ærleg talt, makan til dårleg kamuflert hovudmålshets har eg ikkje sett på ei god stund. Det kan godt vere at du er professor, unge mann, (ja, eg brukar hersketeknikk), men etter eit liv oppvakse i nynorsk-land, er verken staving eller forelsking til særleg forbausing eller overrasking for meg. Kanskje er eg miljøskadd og hjernevaska, men kva er eigentleg problemet?

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

ARGH! Lar det seg i heile tatt "oppspore" nokon som er samde i dette, med mindre dei hatar nynorsk? (og det er det jo mange som gjer, men dei tel eg ikkje med.)

M

4:17 p.m.  
Blogger foglen said...

Kjære Finn Erik Vinje!

DU skriv:
"Men unnskyld, lar det seg oppspore noen som sier eller skriver sånn?"

DU har no møtt kvinna du har lett etter. Medan nynorsken heile tida er i endring for å tilpasse seg det daglege talemålet til folk i heile landet, er bokmålet, og DU Finn Erik Vinje, like sure og sidrompa som før.

Om Noreg ikkje skal ende som eit land fylt med passive, reaktive idiotar som snakkar om at alt var betre før i tida, då ungdommen sa "Oslo" og ikkje "Oschlo", er det på tide at slike som DEG på alvor vaskar øyra og høyrer etter.

VI er omkring deg på alle kantar, Finn Erik Vinje, og vi blir ikkje færre. VI sit ved sida av deg på trikken, vi snik oss forbi deg i kassakøen, vi møter blikket ditt frå nabobordet på kafe. VI er her, vi er mange, og DU har visstnok aldri sett oss.

Difor skriv du: "Men unnskyld, lar det seg oppspore noen som sier eller skriver sånn?"

Godaste Vinje, om du nokon gong kunne tenke deg å forlate ditt avlåste kontor på Blindern, der du tydelegvis sit og rotnar bak ei stengd dør: ta gjerne kontakt!

Mvh oppspora, ferdig til bruk.

5:30 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Dei som undrar seg over kvar ein seier fonying og forloving, kan berre reise til Sunnhordland.

10:42 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home