torsdag, januar 25, 2007

Endlösung

I passiar med Frk.Fjas har eg kome fram til ei tese, ei grunnsetning, som eg no skal forsøke å leve etter:
Dei problema som ikkje kan sprengast eller skyllast ned i do, skal ein umiddelbart forlate.

Eg applikerte denne på fleire av tinga, små som store, som har skapt oss hauebry den siste tida. Og med godt resultat. Sjå berre her:



  • Ein ellers triveleg person eg omgås på dagleg basis i jobbsamanheng, morar seg oppriktig, lenge og godt over den nye reklamen for flybilletten ODD. - Sprengast, utan tvil.
  • Eg har krympa den einaste varme strømpebuksa eg har. - Trykk, skyll, swooosh.
  • Søppeldunken utanfor huset har gitt frå seg ein enerverande pipelyd i tre dagar til ende. Eg får ikkje sove - kan det vere ei bombe? - Detoner med ein gong, først som sist, evt finn ut kva det er som pip og skyll det ned i do.
  • Ei lita flis av ein ung mann er svært arg på meg, han meiner eg er feig, og endåtil blyg. (...Blyg, moi?!) - Heldigvis er han så liten og tynn at han fint lar seg spyle ned i kloakken.
  • Frk. Fjas balar for tida med ei masteroppgave - Opp på Helgås med massse dynamitt, og kaboom.
  • De siste dagane har eg vorte råka av tung, Lindgrensk julestemning, særleg om morgonen medan eg dusjar. - Spylast av og skyllast ned.

Lista vil bli oppdatert fortløpande.