Hald kjeften, bladfyk. (Eller: slikt blir det kreksing av.)
Det hende ein gong på seinsommaren i 2004. Eg var på ingen måte ein røynd journalist, men hadde fått ein frilansjobb eg følte var fem nummer for stor for meg, og intervjua ganske kjend musikar (gkm) som snart kom med plate. Intervjuet gjekk trått, eg kvitra og noterte, gkm var mutt og taus, men det vart då ein ok einsider av det.
Trudde eg. Men då eg fekk magasinet i posten ei veke før det kom i butikken, oppdaga eg for første gang kva ein desk kan finne på å gjere.
Ingressen var omtrent som følger: "Gkm blir melankolsk om hausten. Slikt blir det plate av. "
Den neste halvtimen etter denne grufulle oppdaginga rulla eg rundt på golvet i rein skam.
(Eigentleg trudde eg at eg var ferdig med å krekse om dette etter å ha lagt igjen ein kommentar hos S, kor han rasar om pressa, og eg rasar med, men nei. Slik var det altså ikkje.)
Aversjonen gjeld for øvrig ikkje berre plater. Også standarformularene "Slikt blir det film av" og "Slikt blir det bok av" kan også berre gå og kaste seg utfor næraste skrent og aldri kome attende.
Sjå berre her, her og her. Og over alt ellers, der ungdom ferdast.
Men i staden for å ergre meg, og rulle rundt på golvet som eit raudt eple, skal eg gå over til fienden. Frå no av vil eg avslutte alle, absolutt alle ingressar på dette viset. Ah, det skal bli kjekt. Men først må eg øve meg litt:
Ah, dette kan bli kjekt.
Slikt blir det Pulitzer-pris av.

- Stian Grimseth tok på seg sokken på vrangen ein dag. Slikt blir det gode vaflar av.
- Sondre Lerche fann ut at han likar kvite knott betre enn brune. Slikt blir det plate av.
- Ida har ein eks som ser ut som Gollum. Slikt blir det bitter kvinne av.
- Gro Dahle tok på seg ein stripete tights. Slikt blir det bok av.
- Mikkel Rev skreiv et brev. Slikt blir det barneplate av.
- Tante Reidun kjøpte ballerinakostyme. Slikt blir det Svanedans av.
- Vendela Kirsebom flytta til Flokeneset, og arva ein banjo. Slikt blir det plate av.
- Trond Giske tok seg ei skjeve med Nugatti. Slikt blir det kulturpolitikk av.
- Gaahl skaffa seg Fragglane på DVD. Slikt blir det fine heklesjal av.
- Arnulf Øverland returnerte frå dei daude, og gjekk på Brann-kamp. Slikt blir det hard punk av.
- Dronning Sonja fekk profil på Facebook. Slikt blir det kunst av.
- Eli Hagen rafta i Sjoa. Slikt blir det prima spekeskinke av.
Ah, dette kan bli kjekt.
Slikt blir det Pulitzer-pris av.

6 Comments:
Ha ha ha! Slikt blir det høg latter av.
Strålende kommentar! Slikt burde det bli selvransakelse og reformuleringskurs i pressen av.. ;)
Hva stod egentlig i ingressen din?
Knis. Eg har lyst å kjøpe den plata som oppstod då Arnulf Øverland gjekk på Brannkamp.
tiqui: Eg har prøvd å hugse kva som stod i ingressen, utan hell. Det var vel helst noko tørt og usnacsky. Min eigen tittel har eg og gløymt. Men ikkje desken sin tittel. "Melankoholikeren". Eg skjems.
Jesus krist! Hvor i all verden kommer denne torturen av en formulering fra?! Slik blir det kokebok av. Ingrid Espelid visper sammen tre egg og like mange spiseskjeer lunkent vann, og tilsetter en klype salt og litt oregano. Slikt blir det... [trommevirvel... svar sendes ingrid.hovig@nrk.no]
p.s. Stemmer det at ungdom som vokser opp i Sogndal, "drømmer om asfalt og kaffe latte", slik de sa på Ukeslutt her om dagen? Nå er det lenge siden jeg var i Sogndal, men asfalt fantes det der alt på åttitallet, og kaffe latte... Ja? Hvor kan den stakkars Sogndalsungdommen nyte latten sin, tro? d.s.
Legg inn en kommentar
<< Home