søndag, april 19, 2009

Aldeles ikkje, snarare tvert i mot.

Eg er klar over at Kreksene kanskje er for spesielt interesserte, men vil likevel kome med følgande kunngjering, etter at både støtteerklæringar og wtf-meldingar har tikka inn dei siste dagene. Til tross for eit liktklingande navn, etterfulgt av "journalist og feminist" har eg ikkje skrive det ellers flotte innlegget i den fine avisa med den raude stripa i toppen.

Følgande signaturar kan heller truleg aldri krediterast underteikna:
Journalist og gardist
Journalist og bolsjevist
Journalist og prydbuskist
Journalist og nefertitist
Journalist og tomtenissist
Journalist og misjonist
Journalist og organist
Journalist og fauvist
Journalist og urbanist
Journalist og muppetshowist
Journalist og gestapist
Journalist og hobbittist
Journalist og ragdeist
Journalist og onanist
Journalist og tubaist
Journalist og elitist
Journalist og kreasjonist
Journalist og grorudist
Journalist og kurist
Journalist og flipflopist
Journalist og dadaist
Journalist og nudist
Journalist og fjukenist
Journalist og resepsjonist
Journalist og frimurerist
Journalist og McCarthyist
Journalist og hegemonist
Journalist og lanoist
Journalist og rasjonist
Journalist og kranselagist
Journalist og søviknesist

Meir sannsynlege bylines:
Journalist og separatist
Journalist og gerhardsenist
Journalist og narsissist

Skulle det vere noko meir, er det berre å ringe.

1 Comments:

Blogger Frk. Pudding said...

Det var no forsåvidt ikkje det verste innlegget du kunne ha vorte skulda for å ha skrive. Eg fekk ikkje heilt tak på den abort-artikkelen eg heller. Men eg må innrømme at eg stussa litt over at du skreiv bokmål i ei avis som faktisk trykkjer nynorske tekstar.

journalist og trompetist? javisst!

1:03 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home