Yyeeee-had!
Mulig det berre er eit nok eit uttrykk for at eg har blitt overurbanisert. Men kva i alle mine krigsdagar er dette for ein demo?
Riktignok har eg tidlegare på denne bloggen trua med å menstruere på bønneteppet og familiekoranen til bin Laden hvis han skulle våge å fyre av så mykje som ein nyttårsrakett utan styrepinne i nærleiken av nokon av dei eg er glad i.
Når det kjem til utsegn som "Vi er berre ute etter åndskreftene som ligg i islam. Islam har som mål å innta verda, det må vi vere merksame på" blir eg for ein gongs skuld både matt og mållaus. Nesten. Men sidan eg først er i gang å krekse om det får ein avslutte på ein forsøksvis anstendig måte. Punktvis.

- Eg blir skremt av åndskreftene som finnast i Førde
- Frk fjas, du som har tilbragt over eit år i dette ormebolet av bebarta muslimar som både drikk moské-te kvar fredag og seier bismillah når dei håper at laptopen ikkje skal kræsje, samt går så langt som å gje deg ein koran i lommeformat: Korleis klarer du å stå i mot snikislamiseringa?
- Eg har for all del ingenting i mot romskrot som mennske. På ingen måte. Men eg håper at de set Olefinebollane i halsen, at de alltid vil måtte gå med våte sokkar, at sausen alltid vil skille seg og at døtrene dykkar kjem heim med ein skikkelig utenlandsk kjæreste. Dessuten håpar at dei elendige plakatane gjer at de bles på Anga og aldri kjem på land igjen. (Jepp, det er pubertalt og seie noko slikt, men vi har då for all del, som de seier sjølv, ytringsfridom.)
- Føkkihelvete, sniknautiserte sausenebb.

5 Comments:
Kva er eigentleg bodskapet når ein seier: "vi er ikkje rasistar og muslimar må også få lov til å samlast for å praktisere trua si" og på den andre sida, vil ein leggje begrensingar på kvar dei skal samlast, bl.a. at det ikkje skal vere synleg eller i nærleiken av skular (?). Dette seier vel implisitt at muslimar ikkje har dei same rettane på å praktisere trua si som andre. Desse rasistiske haldningane blir rettferdiggjort med at muslimane sin plan er å "ta over verda", og då er det liksom lov til å vere rasist.
Eg
vert
matt.
Dette er saa toskete at eg maa ta meg ein te eller to med ekstra sukker, rive meg i skautet og tasse nokre rundar rundt min lokale moske for eg klarer aa forhalde meg til det.
NUKK ER NUKK! NEI TIL SNIKNAUTISERING AV SOGN OG FJORDANE!
På Førde og alle førdianarar sine vegne føler eg at eg må rope varsko og fortelje dykk korleis stoda er no om dagane! Eg trur nok de vert overraska når eg fortel at sidan de sist var her (jula?) har Førde blitt snikislamisert. Eg må gå med burka på jobb, visst ikkje vert eg steina på Firda Billag medan imamen ropar frå minareten ved Førde Kroa.
Sitat frå notis på framsida av Firda(fritt etter hugsen): "Innlegg i saka om moskè i Førde. www.fmi.no" Eg har ikkje lese det, då eg ikkje vil bruke krefter og tid på slikt tullskap.
"Eg vil ikkje vise ansiktet mitt og gøymer meg difor bak plakaten min. Dette er fordi vi vert stigmatiserte og kalla rasistar fordi vi er imot moskèen. Men vi er ikkje rasistar altså, vi berre meiner at PLASSERINGA er problematisk sidan tomta ligg ved sjølve porten til Førde". Moskog vart foreslått. Jadda.
På Førde og alle førdianarar sine vegne føler eg at eg må rope varsko og fortelje dykk korleis stoda er no om dagane! Eg trur nok de vert overraska når eg fortel at sidan de sist var her (jula?) har Førde blitt snikislamisert. Eg må gå med burka på jobb, visst ikkje vert eg steina på Firda Billag medan imamen ropar frå minareten ved Førde Kroa.
Sitat frå notis på framsida av Firda(fritt etter mitt eige selektive minne): "Innlegg i saka om moskè i Førde. www.fmi.no" Eg har ikkje lese det, då eg ikkje vil bruke krefter og tid på slikt tullskap (ville ikkje Firda ein gong trykke innlegget?)
"Eg vil ikkje vise ansiktet mitt og gøymer meg difor bak plakaten min. Dette er fordi vi vert stigmatiserte og kalla rasistar fordi vi er imot moskèen. Men vi er ikkje rasistar altså, vi berre meiner at PLASSERINGA er problematisk sidan tomta ligg ved sjølve porten til Førde". Moskog vart foreslått. Jadda. Kva med...Kvammen?
Snikislamisert, altså. Eg visste det var noko, då mor ringte å sa at eg skulle giftast vekk til søskenbarnet mitt. (Sorry ass, kjære medkrekse. Ein kan jo ikkje trosse foreldra sine heller. Hvis du synes det er trøblete får du heller ta det opp med han med skjegget som heng i hornet på veggen der.)
Legg inn en kommentar
<< Home