Tour de Haram 2008, vol 1: Bengalsk innsikt
Innsikt 1: Montering av myggnetting ser til forveksling ut som dårleg performance.
Innsikt 2: Eit kjapt lunchbesøk er ikkje over før det har gått seks timar, og ialllefall ikkje før ein har blitt grundig festa til film. Innsikt 3: Under lunchen er det ikkje sett på som særleg halal å komplimentere bestemor i huset med den gode maten ved å klappe ho på skuldra. Særleg ikkje med venstrehanda.
Innsikt 4: Lurer ein på om ein har gasslekkasje på kjøkkenet, er det ikkje ein god idé å fyre opp ei fyrstikk for å finne ut om det er gass eller ikkje.
Innsikt 5: Å fromt og respektfullt vippe opp hijaben når mullahen kallar frå minaretet, taper fort sin effekt dersom ein samtidig fyrer opp ein sigg.
Innsikt 6: Hengekøye er ein lite brukt, men særs digg inretning.Innsikt 7: På St. Martin har dei altså innsmugla, burmesisk rom. Soldatane på marinebasen kan og fortelle at det ikkje var særleg stress å vakte kystlinja.
Innsikt 8: Nordmenn er ikkje like gode til å sitte på huk og vagle som dei innfødde. Eventuelle forsøk fører raskt både til leggkramper og pustevanskar.
1 Comments:
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Legg inn en kommentar
<< Home