mandag, desember 17, 2007

Denne vekes Dum, Teit

Til trass for at mange andre sikkert fortener den:
Denne veks Dum, Teit-pris går rett til underteikna. Vinnaren av prisen prøvde å avverge at to personar på nokså tynt grunnlag banka laus på kvarandre utanfor Robinet natt til laurdag. Dette førte til at prisvinnaren på ein augneblink stupte i bakken, og fekk eit friskt blødande sår på haka, og ei overleppe som sjølv Amanda Lapore på veg ut frå krisesenter ville misunt henne.

Prisvinnaren handla i hybris, noko som rett fram er dumt og teit, og ho burde ha vett til ikkje å intervenere med punks som er dobbelt så store som henne sjølv. Neste gong får dei heller banke kvarandre helselause, prisvinnaren aktar heretter å bli ein passiv bystander.

Dumt og teit, og Kreksene gratulerer!