søndag, desember 09, 2007

Denne vekes Dum, Teit

Denne vekes Dum, Teit kunne og vore ein verdig kandidat til denne vekes Du Skal Høyre Mykje-prisen. Men dette jurymedlemmet lot seg imponere av at kandidaten faktisk gjentok vinnarpunchlinen heile to gonger.

D, T: Jeg hører du er svensk? Hvor i Sverige kommer du fra?
Frk H: Nei. Fra Vestlandet.
D, T: Jaja, det er jo ganske nærme Svenskegrensa, da.
Frk H: Eh, nei. Østlandet er vel streng tatt nærmare.
D, T: Jøss, du er sterk i geografi! Kult!
Frk H: #¤¤{*??? Unnskyld, kva sa du no?
D, T: Jeg sa at du var STERK I GEOGRAFI!

(For ordens skuld: Eg går ikkje rundt og trur eg er sterk i geografi. Det lille som sit igjen fra førsteklasse blei banka inn av ein mann med høge hælar og turkis dressjakke, samt Lambada som ryggemelodi på bilen.)