fredag, november 30, 2007

No. Må. Du. Være. Stille.

Eg har fått eit nydeleg headset, ved navn Sennheiser, til bruk på jobb. Det funkar glimrande til å høyre på radio eller annan lyd. Men den har også ein magisk knapp. Når eg skrur den på "on" tennast det eit lite, raudt lys, og det vert stille. Skvalder, susing og mobiltelefonar med "Sweet Child O'Mine" - alt forsvinner.

Innimellom skulle eg ønske at verda hadde ein slik knapp.
Skru på knappen, og stilt blei det.

Kanskje det er saknet av ein slik knapp som har ført til at eg den siste veka ikkje har gjort noko anna enn å be folk halde kjeft. Klappe igjen. Teie stille. Ikkje at eg har gått rundt og vræla Shutteføkkøp til kreti og pleti. På ingen måte. Men det beste er at mine oppmodingar om å klappe att har blitt tatt til følge - delvis til mi overrasking. Kanskje eg har fått litt balls og autoritet på mine gamle dager?

Først måtte eg be ein taxisjåfør være stille og begynne å samarbeide. Som svar fekk eg først noko som høyrtes ut som ein muggen, mumlande fatwa. Deretter blei det faktisk stilt.
Dagen etter måtte eg dra ein Willoch overfor Person hvis Relasjon ikkje er av den Beste: "Du har ingen injurierande kraft. Du kan like gjerne være stille."
Seinare samme kveld syntes eg jenta på 7-11 hadde fått nok kjeft av Julebordsgjesten fordi ho hadde gitt han litt for lite pengar igjen, og oppmoda han på det sterkaste og høfligaste om å slutte og nagge, og heller ta seg ein pistasjbolle og ein Wiener Melange.

Å be folk om å la være å snakke har riktignok i alle høve gitt meg hjartet i halsen, ettersom oppmodinga om å knipe igjen ofte kan bli mistolka som ei oppmoding om å påføre andre eit blått auge. Men det beste er at det som oftast funkar utmerka. Faktisk så godt at eg har blitt litt stille og forbausa sjølv.