Alle husa eg tidlegare har kalla ein heim, står framleis. (Det eine i noko vulgærrenovert drakt, riktignok.)
Navlemannen har skifta jaktmarker fra Nygårdshøyden til Strandkaien. Han blei observert vimsande på jakt etter bare magar, og såg ganske frustrert ut ettersom det var sønnakuling og regn.
Bergen har fått opptil fleire nye kafear. Kvarteret, derimot, har stengt, men det var ikkje noko sakn.
På Garage kunne eg finne den fine pønkeguten som knuste hjertet mitt i forrige årtusen, men som no, åtte år seinare og eit par piercingar lettare, framleis er like god å kline med.
Kva er det med Bergen og gategraving? Er det eit uttalt politisk mål at delar av byen til einkvar tid skal være eit stort krater?
Det finnast framles planter i Musehagen som luktar skamlaust likt pot.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home