onsdag, juni 13, 2007

Denne vekes Dum, Teit: West Side Story

Stad: Ein populær sushi-restaurant på Frogner i Oslo.
Fire kvinner, som omtrent har nådd middagshøgda kva alder og hår angår, sit ved nabobordet. Den eine har solbriller frå Prada, den andre frå Chanel.

- Ja, også møtte jeg den nye venninnen til sønnen min. Hun bor forresten på Skøyen.
- Å, så hyggelig. Hva gjør hun for noe?
- Hun er sykepleier.
- Er hun...sykepleier...? (Sagt med et vantru smil og sukkersøt stemme.)
- Ja, hun er plastisk-kirurgisk sykepleier.
- Ååååja. Hun er vel pen, da?
- Ja, absolutt, hun er veldig søt.

Dei fire kvinnene må pent finne seg i å dele denne vekes Dum, Teit-pris. Krekse-juryen legg til i ein fotnote at det er skikkeleg dumt og teit at det skal være noko alvorleg gale i å være sjukepleiar og, no.

Juryen har i si bedømming lagt vekt på den moralske signaleffekten i ei slik haldning til sjukepleie-yrket. Kreksene ser nemleg ikkje lyst på ei framtid der du vert innlagt på sjukehus med knekte bein, hjerneslag og begynnande kols, og alt du får fiksa er augnelokk og brystvorter.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Hadde ikkje du referert dette som ei sann historie, hadde eg ikkje trudd at ein slik situasjon kunne oppstå. Kor naiv eg er!

10:26 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home