fredag, mars 07, 2008

Perplekse Krekse

Kva gjer du når du blir skikkelig overraska? [: satt ut, forbausa, himmelfallen, månebedotten, forfjamsa.]

Denne kreksa sprang panisk og utan retning mellom hyllene på sin lokale butikk og raska med seg ulike kolonialvarer. Då eg kom heim såg eg etter kva eg faktisk hadde kjøpt:

Halvannan liter ingefærøl
Morgenbladet
Fem sitronar
Ei lyspære, 40W
Eit brød, av type eg ikkje likar
Ei flaske lettøl, Ringes
Ei flaske vanleg øl, Tuborg
Selskapserter

4 Comments:

Blogger foglen said...

Eller ein står i kassakø på Bunnpris i 15 minutt, klarer akkurat å få beepa øllen inn i kassen før kl 20, og i det ein skal legge øllen opp i posen, stussar ein på at øllen har OL-ringane på etiketten. "Vørterøl", les ein. 6 stk vørterøl. Men då er det allereie for seint.

Forøvrig lurer eg på kva selskapserter er...

3:58 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Ai. Til slikt er det fristande å dra fram den forslitte "Slikt blir det...sur kvinne av".

Dette med selskapserter har eg faktisk diskutert med Idunn. Vi kom fram til at det var erter som gjorde mykje ut av seg i frysedisken i form av dansemoro, fest og basar. Når den tørre, frosne seiblokka hadde ete opp all chipsen og kjeda alle med dei sjølvforherlegande anekdotene sine, og alle var lei av at lobnobsa alltid skulle være unfashionably late, og alle lurte på kva som var den rette måten å nærme seg den litt introverte butterdeigen, ja då, då var det selskapsertene som kom og redda stemninga.

(Eh ja, eg trur det var alkohol involvert i samtalen om frysediskfesten.)

5:53 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eller så virrer man hodeløst inne i butikken i minst en halv time, før man til slutt kommer seg ut med et glass grillkrydder i den ene hånda, og en liter melk i den andre.

Joda, så har madammen handlet inn til helga ;o)

12:18 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Som den gode nebbhønemora eg er, veit eg den verkelege skilnaden på selskapserter og vanlege erter: Selskapsertene er litt mindre, mykje mjukare og noko søtare.

Men kvifor var du forfjamsa, frk. Hekkan?

8:11 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home