Nye problemstillingar

I det daglege kan eg av og til føle at eg står til knes i kvardagslege, trivielle problemstillingar. Dei er så trivielle at dei nesten ikkje fortener å bli kalla problemstillingar, og er av typen "Trene først, så drikke øl, eller berre drikke øl? Eller kanskje vin?" "Kvitvask eller kulørt?" "Kvar har eg gløymt den raude, prikkete toppen?".
Kort sagt, ingenting som krever særleg mykje mental eller fysisk energi, berre ei kjapp overveiing, unnagjort i same stund som problemet er formulert. Men i går kom eg over eit heilt nytt dilemma då eg skulle gå fra jobb. Tidligare på morgonen hadde eg vore på vaksinasjonskontoret og fått injeksjon mot pest og andre ufjelge sjukdommar. Blant anna hadde eg fått ei dose drikkevaksine, som eg hadde fått streng beskjed om skulle oppbevarast i kjøleskap. Det var her problemstillinga kom, ettersom eg skulle være fleire timar utan kjøleskap.
- Åh nei. Kolera-medisinen min må ikkje bli varm! sa eg halvhøgt for meg sjølv.
I det same slo det meg at hoi, dette var ein problematikk eg aldri før hadde kjent på.
(Men ok då, den eigentlege grunnen til at et postar dette innlegget er at eg fant bildet av Pesta.)

2 Comments:
Eg har fleire bilete av Pesta på pc'en min ettersom eg faktisk VAR Pesta i fjor og difor følte sterk sympati for denne dama som har fått eit ufortent dårleg rykte! Min favoritt er det der Pesta kjem luskande medan svarte ravnar kretsar rundt hovudet hennar. Pesta er faktisk litt som Hufsa. Trur eigentleg ho er snill, men ho har ingen venninner ettersom alle ho møter har det med å falle daude om. Stakkar...
Denne problemstillinga kan eg kjenne att, sidan eg for ei tid attende ogsaa fekk utdelt denne koleravaksina. Sidan denne skal takast med ei vekes mellomrom og eg var i tidsnaud neda det opp med at eg maatte ta vaksina med paa flytur til Tyskland. Mi problemstilling kretsa derfor ikkje berre omkring det faktum at vaksina ikkje fekk staa kaldt, men ogsaa om den ville takle hoegdeskilnad, trykket i kabinen, den tyske folkesjela o.s.b.
Etter 1 mnd med inntak av ymse mat og drikkevarer kan eg slaa fast at koleravaksiner taaler det aller meste og kan trygt medbringast uansett vaer og foreforhold.
Legg inn en kommentar
<< Home