torsdag, desember 04, 2008

Du gode adventstid

Stygg julegran skaper misnøye i Naustdal:

– Den er lita og ikkje særleg å sjå til. Nedst er berre nokre kvistar som stikk ut, seier Gundersen. Ho synest det er trist at Naustdal skal nøye seg med eit slik tre, når dei stadig vekk ser flottare tre i andre kommunar, mellom anna i Førde.

Kommunen har no tatt affere, og lovar ny og flottare julegran som kan måle seg med nabokommunane. Godt å høyre at det fortsatt finst estetikarar i heimbygda. Som sagt, vi nøyer oss ikkje med kva som helst.

2 Comments:

Blogger ingeborg said...

"Begge fortel at dei har høyrt folk i Naustdal snakke om grana på basar og andre samlingar, så dei meiner dei er langt frå dei einaste med denne oppfatninga."

Folk på vår alder er for lite på basar og samlingar. Det er visst der det skjer.

I Narvik kom julegrana med helikopter.

2:11 p.m.  
Blogger foglen said...

eg oppsummerar kommentarane på firda.no omlag slik:

- hoder må rulle (reaksjon frå folk som bur i naustdal sentrum)
- naustdal er ei stygg bygd med eit stygt juletre (reaksjon frå folk som ikkje bur i naustdal sentrum)

12:40 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home