torsdag, desember 04, 2008

Du gode adventstid

Stygg julegran skaper misnøye i Naustdal:

– Den er lita og ikkje særleg å sjå til. Nedst er berre nokre kvistar som stikk ut, seier Gundersen. Ho synest det er trist at Naustdal skal nøye seg med eit slik tre, når dei stadig vekk ser flottare tre i andre kommunar, mellom anna i Førde.

Kommunen har no tatt affere, og lovar ny og flottare julegran som kan måle seg med nabokommunane. Godt å høyre at det fortsatt finst estetikarar i heimbygda. Som sagt, vi nøyer oss ikkje med kva som helst.