torsdag, november 30, 2006

Flotte blomar!

Ærleg talt, makan til dårleg kamuflert hovudmålshets har eg ikkje sett på ei god stund. Det kan godt vere at du er professor, unge mann, (ja, eg brukar hersketeknikk), men etter eit liv oppvakse i nynorsk-land, er verken staving eller forelsking til særleg forbausing eller overrasking for meg. Kanskje er eg miljøskadd og hjernevaska, men kva er eigentleg problemet?

Denne vekes Dum, Teit

Denne vekas Dum, Teit-pris er ein fin gammal song. Og den går til kvinna som i lystig lag sist helg klarte å komme med det smaragdbesette utsagnet:
Eg er ikkje rasist, altså. Eg er berre rasebevisst.

The Day The Nazi Died
we're taught that after the war
the nazis vanished without a trace
but batallions of fascists still dream of a master race
the history books they tell of their defeat in 45
why did they all come out of the woodwork
on the day the nazi died

they say the prisoner of spandau
was a symbol of defeat
whilst hess remained imprisoned
then the fascists they were beat
so the promise of an aryan world would never materialize
so why did they all come out of the woodwork
on the day the nazi died

the world is ridden by maggots
the maggots are getting fat
they're making a tasty meal
of all the bosses and bureacrats
they're taking over the board room
sand they're fat and full of pride
and they all came out of the woodwork
on the day the nazi died

so if you meet with these historians
i'll tell you what to say
tell them that the nazis never really went away
they're out there burning houses down
and they're peddling racist lies
and we'll never rest again
until every nazi dies

(Chumbawamba)

onsdag, november 22, 2006

Ny konkurransespalte: Kva vert sagt her?

mandag, november 20, 2006

Meininga med internett, vol III

lørdag, november 18, 2006

Mange gode forslag II

Kva skal parken heite? Som tidlegare nemnt her på Kreksene har det kome inn mange gode forslag til namnekåringa av den nye parken. Skoddeheimen har vore halde fram som ein klar favoritt frå Krekse-fraksjonen, og vi har leigd inn både lokale bolarar frå Grytten, HV-ungdom og tre arge kosovo-albanarar som lobbyistar for å fremme dette forslaget.

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det har kome inn fleire forslag. Firda nemner i fleng: Cannabis-hagen, Fraggleberget, Ellerskalviasfaltereskogen, Herkjemdetsnarteithandelshusskogen, Førde koma park, Hasjplantasjen, Humbignuffskogen, Kos-parken, Narkohagen, Non Stop Shop Park, Stygg styggare Førde og Pæredritingsparken.

Pluss, som Firda legg til: ein del fleire av dei meir useriøse sorten.

torsdag, november 16, 2006

Lite nytt?

Nokre er berre så ivrige etter å komme i Firda at dei tipsar om dei merkelegaste ting. I sommar erklærte Frk.Fjas at hennar mål for hausten var å komme i Firda. Det burde tydelegvis ikkje vere så vanskeleg.Døme

mandag, november 06, 2006

A trip down memory lane...

Kvifor får denne mannen bruke mikrofonen?
(Dersom linken ikkje virke kan de høgreklikke på den og lagre den og spele den av som ei vanleg mp3 fil)

lørdag, november 04, 2006

Mange gode forslag!

Firda har opa høyring om kva parken rundt utstillingsplassen i Førde skal heite. Mine favorittar på Firda si liste er:

  • Go'lunda
  • Herkjemdetsnarteithandelshus-skogen
  • Ellerskalviasfaltereskogen
  • PetersPlassen avd. Førde

onsdag, november 01, 2006

Beyllupsmagasinet søker journalister

Denne e-posten dukka opp på fellesmailen til journalistutdanninga i dag:

Beyllupsmagasinet søker journalister
Bryllupsmagasinet søker nå nytenkende, kreative, engasjerte oginteresserte journalister som vil bidra til å gjørebryllupsforberedelsene enda bedre for fremtidige brudepar!

Se vedlegg:

Den dagen Bryllupsmagasinet lærer seg rettskriving, å bruke mellomrom og å skrive med ein anna font enn prikk-skrift, er det mogeleg at nokon faktisk kjem til å søke jobb hos dei...

(sjølv om eg personleg må innrømme at eg på eit eventuelt jobbintervju truleg vil framstå som lite truverdig om eg må lire ut av meg "eg vil gjere bryllupsførebuingane enda betre for framtidige brudepar.")