mandag, oktober 30, 2006

Mandags-tyl


På ein beint fram grisesur oktobermandag, då det bles stiv kuling med orkan i kasta frå aust, og kanskje spesielt frå vest, har ein to valg.

1) Ein kan velge å klore ned tapeten med fingrane, iføre seg ein opprven nattkjole og springe ut og brøle sjikanøst mot den dryppande himmelen.

2) Ein kan sette seg ned, ta ein øl saman med ein sigg eller to, og fnise uhemma av den kostelege boka "Tyl" av Tokvam/Folgerø.

I dag valte eg det siste. Her er highlights:

Olav Stedje er sint

no er eg heilt stille
eg pakkar tinga mine og går
hadde eg sagt noko
hadde det ikkje blitt fint

Olav Stedje gjer seg tankar etter at han har rota vekk korken til akevittflaska

Houston
we have a
luxus problem

Olav Stedje får ein god idé på julebordet til sunnhordlandsforfattarane

eg tek
Den fyrste song
ein gong til

Olav Stedje gjer seg tankar i 1985

no har det
gått bra
ei stund

Olav Stedje har ein kongedraum

Vi Olav Stedje
Norges visekonge
gjer det kjent
at vi trivst godt
her
i Sogn
det gjør vi vitterlig

tirsdag, oktober 24, 2006

reisetips

Sidan eg fekk ein tur til Paris til bursdagen min, har eg no prøvd å finne eit hotell. Eg kom over dette søte (norske?) hotellet, og fann ut at dei hadde veldig mange gode tips til korleis å overleve i storbyjungelen:

http://www.paris-hotel-no.hotel-paris-familia.com/hotel-familia-norsk/sightseeing.html

Om det skulle vere noko tvil:

Denne vekas dum teit


Den forbanna busssjåføren som køyrde 19:45 ruta frå Bergen til Førde i dag og som PÅ INGEN MÅTE kunne ta med digitalkameraet til Frk.Fjas slik at ho kunne ta det med seg på ferie til Tyskland på torsdagc (dette har då alltid gått smertefritt før?). Tusen takk bussemann for at du var dråpen som fekk begeret til å flyte over på ein ellers jævlig dag. YOU MADE MY DAY!!

onsdag, oktober 18, 2006

Vokt dem for hunden










(Etter to pakkar med Kreks kan han få eit særs vanskeleg lynne.)

mandag, oktober 16, 2006

Kjøt til folket

Eg må ærleg innrømme at eg ikkje lenger er vegeterianer, mi heller korte karriere innanfor idealistiske matvanar kan med hell kallast kvasivegeteriansk. No nyt eg både kjøtkaker til middag og salami på skjeva, men desse biletseriane med haugar av daude hjort gir meg ein litt flau smak i munnen.

Betre blir vel ikkje helga av at jakta også skjer med meir uaktsomme metodar.
Nok ei flott jakthelg i heimfylket!

søndag, oktober 15, 2006

Stum tiggar kunne snakke!

Eg les i Firda om den sjokkerte, 13-år gamle naustdalsguten som smerteleg fekk erfare at ein tiggar som tidlegare på dagen hadde utgitt seg for å vere stum, faktisk kunne snakke, berre han blei truga til det.

For godtruande menneske rundt om i Oslo by, kan eg no meddele følgande nyhende:

Dei halte, aust-europeiske mennene som tuslar rundt med ei krykke og ristar på foten, er ikkje halte!

Her om dagen venta eg på trikken i Nygata, og møtte på ei forsamling på omlag seks av desse mennene i trikkeskuret, samtlege utstyrt med krykke eller stav, leande og røykande. Truleg hadde dei årsmøte, generalforsamling eller styremøte. Temperaturen var høg, og krykkene sat så laust at einkvar kunne sjå at haltinga og fot-ristinga berre er påtatt. Det var imidlertid interessant å sjå på korleis dei etterkvart tok opp igjen haltinga/ristinga då dei spreidde seg i ulike retingar etter at møtet var heva.

No venter eg på at Firda skal ringe meg opp for intervju i tiggar-føljetongen, så skal eg utgi meg for å vere sjokkert. Tiggarane no til dags er ikkje så handikappa som dei ser ut til!

(Men kva er sanksjonane? Krevje å få pengane tilbake?)

Hei, eg heiter Trine (utt: [trrreiynee])


...Og plaga i si tid alle mine landsmenn- og kvinner med den heslige Rogalandsmjæringa mi i det enerverande programmet Poprush på P3!

- Kan ikkje eg få komme til deg, Oprah?
- Nei.

- Kan ikkje eg få komme til deg, Oprah?
- Nei.

- Kan ikkje eg få komme til deg, Oprah?
- Nei.

- Kan ikkje eg få komme til deg, Oprah?
- Nei.

- Kaaan ikkje eg få komme til deg, Oprah?
- Okei, då.

lørdag, oktober 14, 2006

Meininga med internett, vol II

Fotografen Tom Stone på Flickr.

Han kan få hjertet mitt når som helst.

onsdag, oktober 11, 2006

Studentcruise


Eg veit ikkje om det er ein fornærmelse eller eit billig salgstriks, men no nettopp blei eg utsatt for ein slæsk BI-aktig selgar som ropte:

"Du ser sint ut. Vil du være med på studentcruise?" medan eg skunda meg forbi han.

Sjansen for at ein danskebåt full av fulle studentar, truleg med hovudvekt frå ex.phil og BI, vil gjere meg noko blidare enn eg er i dag, er forsvinnande marginal.

Her er mine forslag til fleire originale salgs-utrop:
- Du ser tjukk ut, vil du vere med på cruise?
- Du ser deprimert ut, vil du vere med på cruise?
- Du har jammen dårleg stil, og vil truleg gli rett inn på studentcruise!
- Du ser ut som du er glad i alkohol, vil du vere med på studentcruise?
- Du ser ut som du går på BI, vil du vere med på cruise?
- Du ser ikkje ut som du går på BI, og ser dermed sint ut, og bør dermed vere med på studentcruise og løsne litt på den alvorlege snippen!
- Hei, du som sit her aleine i kantina og truleg ikkje har nokon vener. Bli med på studentcruise, og bli full saman med andre som ikkje har nokon å vere saman med i helga!

Dagsorden i sportsverda


På sportsnyhendene til NRK i går kveld var hovudsaka at langrennslandslaget har testa nye bindingar.

Eg meiner dette er like viktig å vite for nasjonen som at eg nyleg har klipt meg, og at eg i går prøvde ei bukse på Denim Galleriet. Eg kjøpte den imidlertid ikkje. Men eg prøvde den.

søndag, oktober 08, 2006

Meininga med internett, vol I