Studentcruise

Eg veit ikkje om det er ein fornærmelse eller eit billig salgstriks, men no nettopp blei eg utsatt for ein slæsk BI-aktig selgar som ropte:
"Du ser sint ut. Vil du være med på studentcruise?" medan eg skunda meg forbi han.
Sjansen for at ein danskebåt full av fulle studentar, truleg med hovudvekt frå ex.phil og BI, vil gjere meg noko blidare enn eg er i dag, er forsvinnande marginal.
Her er mine forslag til fleire originale salgs-utrop:
- Du ser tjukk ut, vil du vere med på cruise?
- Du ser deprimert ut, vil du vere med på cruise?
- Du har jammen dårleg stil, og vil truleg gli rett inn på studentcruise!
- Du ser ut som du er glad i alkohol, vil du vere med på studentcruise?
- Du ser ut som du går på BI, vil du vere med på cruise?
- Du ser ikkje ut som du går på BI, og ser dermed sint ut, og bør dermed vere med på studentcruise og løsne litt på den alvorlege snippen!
- Hei, du som sit her aleine i kantina og truleg ikkje har nokon vener. Bli med på studentcruise, og bli full saman med andre som ikkje har nokon å vere saman med i helga!

1 Comments:
eg håpar ikkje han har betalt 50 000 skulepengar til BI for å lære å fornærme kundane sine, det verkar på meg som dårleg marknadsføringsteknikk.
Legg inn en kommentar
<< Home