mandag, september 18, 2006

The air of my town


Eit galleri i London etterlyser kunstnarar til å sende inn prosjektskisser til temaet "The air of my town".Dette fann eg sjølvsagt veldig interessant fordi eg:
A) Gjerne vil stille ut i London
B) Var sikker på at å komme opp med ein idè frå Førde skulle vere eit kakestykke.

I teksten frå galleriet står det:
The work of the artists shall be a representation of their own town, their place of being, as they see it. Not the sights of the cities shall be (re)presented, but its ordinary life with individual streets and sights, with own tastes and smells, individual movements of working- and leisure life.
To accomplish “The Air of my Town”, they are looking for artists that want to participate with their work to represent their town as they see it, in their own style, their own way. These works can be photos, paintings, sculptures, installations, or videos on such or on performances concerning the city.


Men eg finn søren meg ikkje på noko! Kva med ein performance på gamlemaleriet under arbeidstittelen "the brunost-air of my town"? Vi kan alle kle oss ut som brunostar og framføre dikt (muligens kåseri alà Nrk Sogn og Fjordane) om Tine Meierier. Eller er det no eg og Fjas skal ta til på trolldeigskulpturparken vi planla ein våt onsdagskveld på Pikant i sommar (jamfør http://www.firda.no/nyhende/article155543.ece)? Korleis ville de, vyrde krekser, ha gripe dette an?

2 Comments:

Blogger Frk. Spik said...

The air of my town
med fare for barnsleg, umoden og plump humor

kva med ei samling syltetøyglas (frå Lærum) som inneheld:
- sjølve brunostlukta
- lukta av skywalk
- fisen til Bruflåtn
- karakteristisk sumarsgyllelukt
- svevestøv

Glasa gjev frå seg eit kvalitetsbevarande PSST i det du opnar dei.

8:14 p.m.  
Blogger Frk. Hekkan said...

Sist eg var i Førde, overhøyrde eg ei samtale mellom to unge jenter på Domus:
- Har du sett at dei skal rive Skywalken no?
- Men herrigud, er det så nøye om den er firkanta eller rompeforma, då?

Det slo meg at den geometriske storleiken rompeform er lite utforska. Kva med å leike seg litt med dette som utgangspunkt? Eg ser for meg at her ligg det store moglegheiter, både når det gjeld ariktetur, infrastruktur og utsmykking av det offentlege rom.

Dette vil og kunne få positive konsekvensar for merkevara Førde, som må seiast å trenge både tydeleggjering og oppgradering.

Førde- den rompeforma byen.
Eg ser allereie for meg byvåpenet. Ai ai.

1:30 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home