På an igjen
Det er ikkje ofte eg siterer Jan Eggum. Faktisk er dette noko eg i lengste laget prøver å unngå sidan Eggumen etter mi meining er ein gammal, ut-trubadert gris som så absolutt burde både klippe seg og få seg ein jobb. Det tel heller ikkje til hans fordel at han nekta å hoppe gjennom rockeringen min på Kvarteret, sjølv om både han og den godaste Hr. Kalvik gjorde sitt beste/verste for å sjå ut som unge og sprelske studentar der dei sto.
Eg vurderte også å nytte meg av det snart udødelege "OOOOOOOOOps, I did it again", men konkluderte med at om det skulle stå mellom Britney og Jan, to menneske som har gått stad og formeira seg trass ettertrykkeleg påtrykk frå mi side om å ikkje gjere det (dei var no iallefall ikkje saman om det.Tenk, for ei krysning!) så ville det tross alt vere betre å sitere ein som har spelt gitar med Øystein Sunde og visstnok har slekt i Dale.
Og no kjem eg til saka:
Mitt første krekseri på bloggen var om mine (manglande) ferdighetar som sjåfør, og etter eit heller langt fråver opnar eg med same tema. Det var mandag, klokka var altfor nært 0730 til at eg skulle framleis befinne meg heime og ikkje på jobb, farten var høg og manglande planlegging av køyreruta så absolutt til stades. Dette, i kombinasjon med mitt evige behov for å høyre musikk i bilen om det så brenn(det gjorde det òg i bilen her om dagen. Sneipen vart funnen att under gasspedalen og røyking i bil er no eit avslutta kapittel), regnar bomber eller om køyreturen strekk seg mindre enn 50 meter gjorde at ferda i revers enda brått og høglytt i ein Mercedes. Ikkje ein gammal Opel, ikkje ein sleten Ford Fiesta og slettes ikkje i ein Lada. Neeeeeeeeeeeeeeeeida, i ein MERCEDES skulle eg ende opp.
Om nokon har gode forslag til korleis ein kan hoste opp 2340 koner til ei ny baklykt vert dette motteke med takk.

1 Comments:
Eg har eit forslag. Det er noko slekskt, men la gå: La oss gå attende til soga om Jan Eggum og Finn Kalvik den kvelden på Kvarteret. Eg syntes å minnast at Eggumen var dryg i kjeften vedr. rockeringen. Har du vurdert å selge denne soga til Sjå & Høyr?
Eg veit at sjekkane sit laust der i garden...
Legg inn en kommentar
<< Home