Ekte satanistar et lever! (Rogn og.)
Eg veit ikkje når eg vart merksam på han. Han var liksom alltid så, eh, eins å sjå, med langt fjonete hår som blafra i vinden, og pansra armyboots som nagla dei tynne leggane hans til jorda. Eg syntes alltid han gjekk slik eit strykebrett ville gått, stivt og stakkato. Og eg kan banne på at eg ein gong såg eit par tennissokkar med raud og blå stripe stikke opp frå kickass-støvlane han. Fjas gjorde narr av at han alltid hadde syltetøystrikk i håret, eg av at han sjølvsagt delte navn med Greven og Kr.Helvetesen. (Kva er det no med det navnet?!)
Han var liksom ein del av bygdebildet, på lik linje med Brufloten, Langebrua og han statuen utafor NRK Sogn og Fjordane.
Og omtrent like farleg.
Men det var då. No har han ikkje berre begynt å trekke på åra, han har og skaffa seg ein slags ideologi, langt bak syltestrikk, tennissokkar, og festlege kallenavn. (Sjølv insisterte eg, slitsam kvasilingvist som eg kan vere, i lystig lag på at Gaahl, nok pent måtte uttalast Gål. Og om eg kunne få kalle han Gålhauet? Ikkje det, nei. Neivel.)
Ikkje nok med at han fått seg ein ideologi, der han manar til kamp mot dårene. Han kastar ting. Han er stor i Brasil. God slakterikunde i Polen. Han viftar med kniv, truar med å drikke andres blod, (blant anna frå beger) og vert også stilt til doms for det.
Men då er det godt å ha ei mor, som ikkje berre bringer sjokopulver, nye hårstrikk og truser med Bart Simpson på til fengselet.
Ho stiller også opp i retten når sonen vert anklaga for å ha trua med å drikke kristenmanns- (evt agnostikar-) mannsblod. Med skjærande sunnfjordsrøyst står ho opp for den sonen i vitneboksen:
- Nei! Sonen min er vegetarianar, og er veldig redd for blod. Han et ikkje innmat.
(Her ser eg for meg Gål kokkett legg kinnet mot skuldra, raudar og sparkar forsiktig i golvet, så det klirrar svakt i panserbootsa.) Men mor er ikkje ferdig:
- Det er ikkje spøk å vere mora til ein så kresen gut! Eg har aldri fått han til å ete korkje levergryte, torskerogn eller nyrepai. Og blodpølse vil han slettes ikkje ha, den slakjen...

5 Comments:
Det må forresten leggast til i soga om Gål at den samme manne på eit nacshpiel i Høyanger lot sine lange tjafsar flettast etter å ha blitt overbevist om at "jammen alle treng kos, Gål! Til og med du!"
Det vart musefletter, forresten. Tyrolerstil.
No lo eg veldig godt!
Nebbhøna: Eg går ut fra at latteren betyr at Gålen ikkje har gått i gløymeboka? Eg observerte han forresten seint og tidlig på Garage, før han blei putta inn. Eg må sei han såg godt ut.
Eg visste ikkje kven gålen var før han kom i avisa, eg. Men no er han uforgløymeleg.
Herr Gål viser seg jo faktisk som ein ganske ryddig, og det vi nokon stader i Sunnfjord vil kalle ein snurten mann, som ikkje lar folk skitne ut leiligheiten hans med kva som helst av blod og uhumskheiter.
Det einaste eg lurer på, er kvifor han lar denne blødande mannen (som brått dukkar opp), blø i ein liten kopp for terningar? For det første - hadde han no intensjonar om å drikke dette - hadde ikkje eit mjølkeglas vore betre? Evt. halvlitersglas?
Og for det andre - å la den blødande mannen dryppe oppi ein ludokopp er kanskje ikkje den beste måten å forhindre blodsøl på? Han kunne i det minste bydd på eit slikt stort dispenser-cola-beger, eller eit plastglas frå Garage.
Nei, ein gang vegeterianer, alltid vegeterianer. 90 Liter dyreblod går kanskje med på ein konsert, men til eige bruk, viser han seg beskjeden.
Legg inn en kommentar
<< Home