
Er det berre meg som blir fylt av barnsleg glede over lyn og torden? Eg ringte heim til vestlandet i går og skraut hemningslaust over at det endeleg var litt ver å snakke om i hovudstaden. Ringe heim kun for å snakke om veret. Kva blir det neste? Finlesing av dødsannonsene i Firda?
2 Comments:
Hihi...Eller kva med å hive seg med hud og hår inn i diskusjonen: Er det bjørn eller er det ikkje bjørn i sogn og fjordane?
Er det ein eller er det to bjørnar?
Besta ville ha meg til å følge ho heim for ho var litt bekymra for denne bjørnen. Eg bur i Rennekleiva 23 og ho i nr 29. Eg sa det var berre sprøyt og at dersom bjørnen kom fekk ho berre stå heilt i ro og håpe han ikkje hadde lyst på seig bestemor.
Eg les forresten allerede dødsannonsene, men også fødselsannonosene og brudebileta er særs interessante. Det hende jo faktisk det dukke opp navn eg kjenner til i desse annonsene! Blir vel ei stund til dødsannonsene inkluderer folk ein gjekk i klasse med på ungdomsskulen...håper eg.
Legg inn en kommentar
<< Home