Du veit du ikkje er kjerring når...
Du klarar å farge alle dei grå/lyse klea dine rosa i ein klesvask.Kjerringråd om kva eg kan gjere med ein kamuflasjeshorts (ikkje tilhøyrande meg) som no også kan skilte med babyrosa batikkmønster, tar eg i mot med takk!
(det hjalp ikkje å slenge alt inn igjen i vaskemaskina i panikk og vaske det ein gang til)

5 Comments:
Ein av mange gangar eg har gjort det same, putta eg alle kleda oppi ei bøtte med klor. Rosa-fargen forsvann med det same. Eg må likevel understreke at det i mitt tilfelle var snakk om kvitvask. Kva som skjer om du putter ein kamuflasjefarga shorts i klorvatn, veit eg ikkje. Elles føler eg at salt hjelper mot det meste. Og Zalo. Zalo hjelper mot alt.
Bensin, Kefir, salt (som tidlegare nemnd), soda eller den klassiske: gni potet på! Generelt ting som inneheld potet, t.d. potetmjøl og chips. Som siste alternativ: gi Nils fullt rosa kostyme, t.d. rosa kanindrakt.
Sånt som det der skjer dessverre...
Kamuflasjefarga shorts med rosa batikkmønster? Det høyrast ut som ein våt grønsje-drøm! Verrry Naustdal 1995!
Eg hadde heller kasta alt i bøtta med klor enn å gni inn ein heil vask med potet. Det får vere måte på tida!
Dersom det er snakk om raudvinsflekker derimot, då kan eg det. Zalo.
Legg inn en kommentar
<< Home