Fake, fakta og fyllesjuke: Journalistikkens kår (2003)
Opprullinga av juks-og-fanteri-journalisten Bjørn Benkows eskapadar har sikkert vekt forakteleg knising i krokane i mange redaksjonar. I allefall har vi på jobb ledd godt, samtidig som det er umogleg å ikkje synast synd på den stakkas bedragaren. "Oprah snakkar ut." "Schumacher ber på kaffi." "Gates tar rutefly."
Og alt dette for å ha råd til smør på skjeva.
Men eg har ikkje vore blant dei som har ledd mest skadefro av pipelorten Benkow. Eg kom nemleg på ein episode frå første semester på Journalisthøgskulen. Eg vakna fyllesjuk som eit asen, med røykestemme og langt framskreden telefonangst, og kom på at eg måtte levere ein kort sak med den spenstige vignetten: "Lokaljournalistikk frå din bydel".
Noko som føltes skikkeleg uaktuelt den fredagen.
Men oppgavav vart utført: Eg tok ikkje ein einaste telefon, men klipte litt her, limte litt der, og dikta litt innimylja, mens eg fniste og tenkte at eg kun kom til å få jobb i "Hello" eller lignande etter endt utdanning.
Kjære Journalisthøgskulen.
Eg vil med dette innrømme:

- Eg snakka aldri med RV-politikaren eller ordføraren in persona.
- Eg klipte, limte og brukte fantasien.
- I ettertid skjems eg litt, men ikkje så veldig.

0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home