Yrkesvalg

Etter å ha vore våken ei heil natt og ausa regnvatn slik at det ikkje skulle renne inn døra, har eg no forstått kva yrker det var vi eigentleg skulle ha utdanna oss til. For i dag fekk eg rekninga frå slamsugingselskapet på 2200 kroner for 10 minutt arbeid. Dette fekk meg til å lure: "Kvifor er eg ikkje er rørleggar sjølv?" Kvifor er det ingen av oss som ville bli noko nyttig? Noko som i det minste andre kan dra økonomisk nytte av? Kva skal vi med ein fotokunstnar, master i kvinne og kjønnsteori eller musikkpedagog? I kva naudsituasjon kan vi vere til nytte?

5 Comments:
Eg tillet meg følgande ønskereprise som svar på spørsmål om kva nytte kreksene kan ha ved eventuelle krisesituasjonar:
Baste said...
(...)
Dette minner meg på ei gåte;
kor mange krekser må til for å skifte ei lyspære?
sju.
ein til å ringe elektrikaren, og seks til å krangle om dei skal skifte ei lyspære eller ei ljospære.
& kanskje ei siste til å synge om kor fin den gamle var.
frekk ad munde? nei. ;)
5:11 PM
Frk. Hekkan said...
Baste, Baste. Du gløymer at vi må ha ei til å bake kringler, ei til å røyke/drikke øl for å gjenvinne fatninga, ei til å ringe heim til sunnfjord for å spørre mor om råd, og ei til å blogge det heile.
2:11 PM
Og til trøst, kan vi sjå at det ikkje er alle som er like nyttige her i verda heller: trusemote på bryggen til kalde haustdagar
Jo, no skal du høyre her! det er mang ein sitasjon (om ikkje nett i nauda), der slike som ender opp med å ha ei slik utdanning, sjølv om eg ikkje kan forstå kvifor nokon vil seg sjølv så yrkesvanskeleg og vondt, kan komme til nytte.
Til dømes på fødestover landet rundt, idet den nybakte og fødselståkeforvirra mora spør om kva kjønn det vart på nurket. Då kan kjønnsteoretikaren straks vere på pletten og kjapt informere om både biologisk og sosialt kjønn, korleis kjønn berre er noko ein gjer og ikkje er, samt slenge på ein statistikk eller to om mulig kjønnsforrvirring i framtida.
Musikkpedagogen si liste er lenger enn Nordhordalandsbrua og omfattar oppgåver som terapi gjennom trombone, sjelero med slurva, lær å lese på ein, to, tverrfløyte og ikkje minst konsentrasjon og kornett: nye muligheter for barn med ADHD.
Kunstfotografen kan forutan å satse på å forsyne baksida av Firda med bilete året rundt og gje dei lesarinnlegg av typen "Førde:Egg og Handel. Arkitektur og ukultur", plage Vidar Helle til han legg ned bedrifta for å så ta over og gjere heile butikken og seinare heile Handelshus sør, nord, aust&vest til eit gigantisk avantgardeprosjekt med emfysem og julepynt som tema, for å så få bilete av det på baksida av Firda att.
Dessuten slepp ein å vise rompesprekken, sjølv om eg personleg vil sjå på det som ei av frynsegodene med rørleggarjobben.
Eg gløymte at trusene har jo ein viss nytteverdi, i tillfellet rørleggjarsprekk... æsj...
Eg trur kanskje at det jævlegaste eg veit er folk som sjølve påpeikar at dei er heilsprø.
Det er det jævligaste eg veit også...faktisk uten unntak! Det er INGENTING jævligare enn det!
Legg inn en kommentar
<< Home