Hald deg heime, Sunnfjording!

Nokre gonger er det best å halde seg heime blant Sogn og Fjordar. Vi har alle høyrt om dei som har reist både til Oslo og Trondheim, og som det slett ikkje blei folk av.
Ridvan Halimi må vitterleg seiast å være ein av desse som kanskje aldri burde sett seg på ekspressbussen som køyrde han av den smale veg, og rett utfor skrenta.
Vi veit alle kva han mest sannsynleg har gjort seg skuldig i, etter at han forlet eit trygt tilvære med fotball på Haugum, henging på Handelshuset, og røyking utafor Løa.
Som inspektør Martinus Furevik ved Førde Ungdomsskule seier til Firda: Det er leit å oppleve slikt med ein tidlegare elev.
Akk ja. Sleggemenn og koftekarar eller ikkje - eg hugsar Ridvan som ein noko skummel kar. På sekken sin hadde han skrive med blanco: "MCHammer", "Cindy Crawford" og "Girls girls girls".
Og ikkje minst det som verkeleg fekk det til å vrenge seg i mitt blonde, fjortenårige sinn: "I love anal sex".

3 Comments:
Jaja, han har no i det minste ei pen hake...
Blir vel plenty med analsex i fengselet, tenkjer eg.
Eg synest det verkar som om Firda og Førde Ungdomsskule er litt stolte over å ha ein tidlegare elev som no er blitt kjend kriminell :D
Legg inn en kommentar
<< Home