søndag, september 24, 2006

Skilt ved fødselen


I går var eg i bursdag til ei venninne. Eg kjende ingen andre enn bursdagsbarnet, og eg var difor nøydd til å ta del i fleire småprat-samtalar. Denne eine jenta eg aldri hadde møtt før sa plutseleg følgande: "Eg veit dette høyrest rart ut, men du ser AKKURAT ut slik som eg har sett for meg ein av hovudpersonane i Johan Harstad si bok "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?"

Sånn i ettertid har eg begynt å tenke på følgjande: Eg kan forstå at ein kan likne folk av utsjånad, men korleis kan eg likne ein person som eigentleg berre eksisterer i ein annan person sin fantasi? Korleis er denne kvinna eg liksom er heilt lik? Kva for eigenskapar har ho som gjer at ho er lik meg/eg er lik ho? Er eg virkelig av så vanleg utsjånad at folk kan tenke seg til meg/finne meg opp? Er eg eit fantasifoster? Er dette eit kompliment? Er denne kvinna ei heltinne eller ei bitch? Er det nokon kloke krekser der ute som har lest boka og kan gje tilbakemelding på om dei umiddelbart skjønar kven "eg" er i denne boka?

4 Comments:

Blogger foglen said...

Eg har lese boka, og må melde at "eg" i Buzz Aldrin er ein mann, så eg trur ikkje han det er meininga at du skal likne på. Av kvinne-skikkelsar finst det fleire, men eg kan ikkje hugse å ha tenkt på deg ved gjennomlesing av boka. Her kjem likevel ei liste med potensielle dobbeltgjengarar frå Buzz Aldrin-universet:

- Helle, hovudpersonens kjæraste gjennom 12 og eit halvt år. Ho klarer ikkje å bestemme seg for om ho vil vere med han, eller ikkje. Hoppar av juristkarriera for å begynne i reklamebransjen. Hovudpersonen frir til ho medan dei står og blir fotografert på Kjeragbolten i Lysefjorden. Ho svarar at ho kjem til å gå frå han, for å vere med eit sykkelbod som kjem innom jobben hennar kvar dag.

- Anna. Bur på ein ettervernsinstitusjon på Færøyane, der hovudpersonen havnar. Jobbar med fiskeoppdrett på dagtid.

- Ennen. Bur også på institusjonen i Gjógv. Lager sauesuvenirar i tre.
Høyrer berre på Cardigans, og ønskar seg mest av alt autografen til Nina Persson. Har kjørt alle bussrutene på Færøyane, u-bahn over heile Berlin, t-bana i Oslo og Stockholm.

Eg veit ikkje heilt kven av desse som er din framfantaserte dobbeltgjengar. Men eg synst det er godt gjort å klare å finne ein person i Bergen som er heilt lik ein romanfigur frå eiga tankeverd!
Personleg leiter eg etter Watnabe frå Murakamis Norwegian Wood. Om du har sett nokon som liknar i Bergen i det siste, får du gi eit pling.

4:48 p.m.  
Blogger Frk. Pudding said...

Ennen var det! Det er meg!! Er dette bra? Institusjon? Sauesouvenirar? Jaja, er det slik kunstnarkarriera mi kjem til å ende?

10:01 p.m.  
Blogger foglen said...

Eg syntes Ennen var sjarmerande, så eg meiner du må ta det som eit kompliment. Med ei klype salt attåt.

11:16 p.m.  
Blogger Frk. Fjas said...

Om du skal ta Ennen i deg heilt ut må du faktisk sporenstreks (eller i alle fall før fylte tredve) reise til Færøyene og hive deg framføre ein buss.
Eventuelt kan du berre kjøpe alle platene til Cardigans og så kan eg forsiktig rulle over deg med sykkel.

12:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home