
På sportsnyhendene til NRK i går kveld var hovudsaka at langrennslandslaget har testa nye bindingar.
Eg meiner dette er like viktig å vite for nasjonen som at eg nyleg har klipt meg, og at eg i går prøvde ei bukse på Denim Galleriet. Eg kjøpte den imidlertid ikkje. Men eg prøvde den.
3 Comments:
Den bør innehalde noko om nokon som har noko med sport/idrett å gjere. Om det så er at x-kjæresten til RiiseFiise stiller opp naken i boblebadet sitt, hamnar det på dei rosa sportssidene i VG. Den rosa fargen gir i det minste ei god åtvaring om at innhaldet er like billeg, uinteressant og tabloid som ein skulle tru.
om eg nokon gang får vondt i kneet, skal eg ringe sportsjournalistane med ein gong. eg har inntrykk av at kne-skadar er godt stoff i sportsredaksjonane, og eg har ikkje snøra peiling på kven halvparten av dei kneskadde intervjuobjekta i sportsnyhendene er. dessutan var eg god til å svømme før i tida. kanskje er det ei sak? at eg har lagt opp?
dessutan er bryllup godt sportsstoff
Legg inn en kommentar
<< Home