Når blei Frp eit buddhistisk parti?
Etter ein vaskeekte møkkadag, der eg grunna ytre forhold vekselvis har vore nær ved å hoppe på sjøen, kaste andre over bord, gnage av meg armen, slamre hauet i bordet eller berre la tårene sile mens eg ruggar monotont på stolen, er det fantastisk å kome heim til skikkelig snuff-perle i innboksen. Her trur A1-Christian at han er Elton John, mens han lirer av seg grensesprengande politiske visjonar om at folk flest planta i går og tar ansvar fordi dei høster det dei sådde og bygger framtida lag for lag og i dag, men vi må handle no; for frihet vi skaper saman, når ein pluss ein er meir enn to og kvar og ein er sin eigen lykkes smed i dag.
Altså, i følge denne logikken: At eg i dag havna i eit lite armageddon, er altså min eigen feil. Det er eit resultat av slett såmannskap. Hugs det, neste gong papirposen ryk så tolv egg og seks øl knusast mot asfalten. Tygg litt på den, når du får dysenteri dagen før din eigen bryllupsdag. Og gløym det ikkje, når du mistar jobben samme dag som du knekk ei fortann og oppdagar at nokon har ripa opp bilen din: Det du haustar i dag, planta du i går. Nobody's fault but mine.
Dette har jo så sterke fellestrekk med ei overforenkla karmatru at ein ikkje kan utelukke ei buddhistisk vending i Frp. For dersom også buddhismen har avfødt gretne, pietistiske mørkemenn, kan eg tenke meg at det er slike ting dei står og freser fra ein trekasse i ein park i Wakkanai, med heva peikefinger og spytt i barten.
For å seie det rett ut: Hvis ein har ei karmafundamentalistisk tru og den mentale kapasiteten til ein gjennomsnittlig Frp-velgar, og så benkar seg opp foran pianoet for å synge ein song om det, så, ja - du skjønte det sjølv.
(Men veit nokon kva pokker som skjedde med r-ane hans? Eg synest å høyre ei viss kjend, hard rulling. Har han flytta til Flokeneset? Blitt kjæreste med Gaahl? Eller er han berre ein fjorda-hag?)