søndag, oktober 28, 2007

endeleg er gullet komt hem...

kan vi få sleppe fulle fjortisar som syng "tjokk og feit og full og seriegull" og godt vaksne damer iført lite flatterande raude strikkegensarar? Kom aaaan!

mandag, oktober 22, 2007

Dagens sitat

"- Jeg konkurrerer med Ida om å være blondine, sier Valla og ler."

(Gerd-Liv Valla, til HENNE nr 15.)

onsdag, oktober 10, 2007

Denne vekas big spender?

Det er ikkje snakk om å booke Ole-Ivars til Naustdal igjen. Derimot skal rause amerikanarar sørge for at vi får ein backup av sjølvaste huldefossen i USA. Det er jo kanskje greit med ein kopi i bakhand?

lørdag, oktober 06, 2007

Mikke Mus..

fredag, oktober 05, 2007

Vekas snill-grei

Sidan vi lenge har hatt spalta "vekas dum,teit", meiner eg at det no er på tide at vi fokuserer på det positive her i livet. For med så mykje elende her i verda er det av og til slik at ein møter menneske som er rett og slett fantastiske. Lik dei dum-teite er dette ofte menneske ein møter ved tilfeldig, men som i staden for å gjere dagen din hakket verre, overraske dei deg og varmar det ellers så beinfrosne hjartet ditt. Det kan verkeleg gjere utslaget korleis framande behandle ein. Til glede og oppmuntring for alle som kanskje traff på flest dum-teite denne veka, skal eg no fortelje dykk ei lita soskinnshistorie:

Etter 5 dagar i London befann eg med på Stansted flyplass. Sidan eg nett hadde tatt avskjed med min kjære, var eg rimelig langt nede og pjuskete. I tillegg blir eg alltid ekstra nervøs når eg skal fly, sjølv om eg etter kvart har fått stadfesta kor irrasjonelt det er å bekymre seg mange gongar. Så, litt stressa etter lange køar ved innsjekkinga og sikkerheitskontrollen (helsikas turistar..), forta eg meg inn på Pret-a-manger for å kjøpe ein etterlengtta cappucino og ein sandwich til flyturen. Då eg skulle til å betale var plutseleg visa-kortet mitt vekke! Eg vrengde alt frå veska til lommer til hjernen, men fann ikkje kortet. Den søte mannen i kassa spurde kva som var i vegen og forfjamsa stotra eg fram at kortet mitt var vekke og at eg sist brukte det på Liverpool Street Station og difor var ganske ille ute. "Do you have another card or some cash maybe?" spurde han, og eg beklaga at eg dessverre kun hadde det einaste kortet. "I'm gonna have a long trip home!" sa eg og prøvde meg med litt galgenhumor. Det var då det fantastiske hende! Han slo ut beløpet på kassa og sa "I feel so sorry for you...here..take it". Eg var litt usikker på om eg hadde forstått han rett, men han smilte og la til "just finish your coffee before you board your plane."

Så, trass i alt styret med å få mamma til å sperre kortet og all angsten forbunde med dei mogelege skrekk-scenaria som kunne komme til å oppstå (ikkje at det er stort å sjele frå kortet mitt akkurat...), vart eg veldig glad og litt rørt av omtanken. Eg har alltid vore eit stort Pret-fan, men no er eg for evig deira trufaste kunde.

Eg utroper med dette Pret-a-manger -mannen på Stansted til denne vekas snill-grei!