fredag, juli 03, 2009

Kreksene snakkar om metode og statistikk

Kreksene trykker gjerne Firda til sine bryst. Og vi synest stort sett Sogn og Fjordane er stor stas. Men ditta, altså, kunne vi ikkje berre la passere utan litt metodekritikk. For korleis har Firda eigentleg kome fram til at åtte av ti vil bu i Sogn og Fjordane?

Ida seier: idunn http://www.firda.no/nyhende/article4438169.ece
Ida seier: åtte av ti vil bu i Sogn og Fjordane. Du som har master i slikt: kva tykkjer du?
Idunn seier: om eg skal gisse?
Idunn seier: Dei spurte 10, og 8 sa at ja dei ville bu der.
Ida seier: Stilte seg opp ved døra til Shopping?
Idunn seier: mest truleg
Idunn seier: "hei, vil du bu her" "ka du ve???"
Ida seier: "jeu, vil no da"
Idunn seier: "Vil du og?"
Ida seier: "jeudå!"
Idunn seier: "ve du bu her?"
Idunn seier: "jaaaaaaaaaaaaaaa"
Idunn seier: "jeeeeeeeeeeeeeuu"
Ida seier: "biu? yyeeeahmnn."
Idunn seier: "fint da"
Ida seier: "flott! Du sa ja du og"
Ida seier: "diu då?"
Ida seier: "Ka? Om eg har ku?"
Idunn seier: "naaaaaaaaai"
Idunn seier: "pakta da vekk i fjor"
Ida seier: Lat meg gisse. Dei spurde Brufloten, sykkeldetektivane og ho som er leiar for Framtidsfylket.
Ida seier: Skinka vart og spurd. ho sa ja.
Idunn seier: også sommarvikaren på narvesen sa ja.