Når blei Frp eit buddhistisk parti?
Etter ein vaskeekte møkkadag, der eg grunna ytre forhold vekselvis har vore nær ved å hoppe på sjøen, kaste andre over bord, gnage av meg armen, slamre hauet i bordet eller berre la tårene sile mens eg ruggar monotont på stolen, er det fantastisk å kome heim til skikkelig snuff-perle i innboksen. Her trur A1-Christian at han er Elton John, mens han lirer av seg grensesprengande politiske visjonar om at folk flest planta i går og tar ansvar fordi dei høster det dei sådde og bygger framtida lag for lag og i dag, men vi må handle no; for frihet vi skaper saman, når ein pluss ein er meir enn to og kvar og ein er sin eigen lykkes smed i dag.
Altså, i følge denne logikken: At eg i dag havna i eit lite armageddon, er altså min eigen feil. Det er eit resultat av slett såmannskap. Hugs det, neste gong papirposen ryk så tolv egg og seks øl knusast mot asfalten. Tygg litt på den, når du får dysenteri dagen før din eigen bryllupsdag. Og gløym det ikkje, når du mistar jobben samme dag som du knekk ei fortann og oppdagar at nokon har ripa opp bilen din: Det du haustar i dag, planta du i går. Nobody's fault but mine.
Dette har jo så sterke fellestrekk med ei overforenkla karmatru at ein ikkje kan utelukke ei buddhistisk vending i Frp. For dersom også buddhismen har avfødt gretne, pietistiske mørkemenn, kan eg tenke meg at det er slike ting dei står og freser fra ein trekasse i ein park i Wakkanai, med heva peikefinger og spytt i barten.
For å seie det rett ut: Hvis ein har ei karmafundamentalistisk tru og den mentale kapasiteten til ein gjennomsnittlig Frp-velgar, og så benkar seg opp foran pianoet for å synge ein song om det, så, ja - du skjønte det sjølv.
(Men veit nokon kva pokker som skjedde med r-ane hans? Eg synest å høyre ei viss kjend, hard rulling. Har han flytta til Flokeneset? Blitt kjæreste med Gaahl? Eller er han berre ein fjorda-hag?)

4 Comments:
Ja. Eg må sjølvsagt vere tekstkritisk, anna er ikkje å vente, men eg må sei at eg er ueinig med Ida i analysen av dei litterære prestasjonane i denne snutten. Heller enn å vere skuffa, er eg faktisk djupt fascinert over Ingebrigsten, og eg meinar han her når rimelig store høgder samanlikna med mange andre norske popskribentar som framleis kavar rundt med enkle, klisjéprega betraktningar om life and love. Sjå berre på linja der han seier at "med frihet får vi ansvar for å så de valgene vi tar på leting etter svar". Etter mitt syn vitnar denne linja om, ikkje så mykje retardasjon, som ei beint fram briljant vilje til å problematisere valgbegrepet ved å introdusere eit verb, nemlig så, som ikkje så ofte blir samanstilt med substantivet valg. Å leite etter svar i ein slik imaginær dyrkingskontekst er slett ikkje likefram. Og resultatet er rein verfremdung! For korleis så eit valg? Er det det FrP skal bruke tida til fram til september? Eller prøvar Ingebrigsten å subtilt introdusere dyrkingstematikk på dette landsmøtet for å gjere FrP meir positivt innstilt til bondestanden? Nei. Eg synes fantisk dette er knakande godt.
Eg er så konspiratorisk at eg trur at det som Sivert i all sin positivitet og altruisme vel å kalle for "store høgder", i røynda skyldast flaks og fløye. Eg trur at AI-C har bestilt ein sangtekstgenerator fra Japan på interwebben. Så har han mata den med ord som Frihet, Morgendagen, Folkflest, Fremtiden, Lykke og Ansvar, og når det var dette som kom ut, var det slik sangen blei.
Men eg trur ikkje han seier seg nøgd med dette. Det ryktarst nemlig at han satsar på å nå det same segmentet world wide, med nazibeibsa i Prussian Blue på koring og tamburin.
Og veit dykk kva? Då eg skulle publisere den forrige kommentaren og blei bedt om å bevise at eg ikkje er ei maskin, kan de gjette kva ord eg skulle skrive inn? SIONATOM!!!
Det er altså all grunn til å være konspiratorisk.
Ja det kan godt hende at konspirasjon er et nøkkelbegrep her. Men enda feitare er dekonstruksjon!
Eg er så ny i bloggverda at eg ikkje klarer å embedde, men copypaste this:
http://nrkp3.no/p3morgen/fremtiden-i-dag-j%C3%B8rgen-edit/
Sjølv måte eg forøvrig bekrefte med GUTSPRUC, og det er litt slik ein gjerne kan kjenne seg også, etter for mykje at denne Ingebrigsten.
Legg inn en kommentar
<< Home